skip to Main Content

Eit Lårdal bada i vintersol tok imot Vest-Telemarkrådet til møte 8. februar.

Mange viktige orienteringar og saker bidrog til eit rådsmøte med mange deltakarar på grendehuset i Lårdal. Vel 30 personar var samla, og mange av dei var i Lårdal for fyrste gong. Vest-Telemarkrådet prøver å leggje møta på ulike stader i regionen vår.

Etablerertenesta Start Opp er ei viktig oppgåve som kommunane i Vest-Telemark har organisert gjennom regionrådet. Det er Telemark Næringshage (TNH) som driftar ordninga på vegne av Vest-Telemarkrådet. Dagleg leiar Solveig Sundbø Abrahamsen og ansvarleg Margit Haukvik frå TNH orienterte om arbeidet i næringshagen og status for StartOpp Vest-Telemark.

Fylkeskommunen har sett av ein pott fellesmidlar som er tenkt brukt til samlingar, kompetanseheving og nettverk for dei som arbeider med etablerertenesta. Det har over tid vore jobba med korleis ein skal organisere dette. Seksjonsleiar Tore Øystein Strømsodd frå Vestfold og Telemark fylkeskommune orienterte om prosessen, og kva løysing fylket legg opp til. Framlegget er å skipe eit kommunalt oppgåvefellesskap. I diskusjonen var det tydeleg at det er ulike syn på korleis fylkeskommunen bør samhandle med kommunane og regionråda om dette. Saka kjem til handsaming i fylkestinget i mars.

Transportnæringa står for den desidert største delen av klimagassutsleppa i Vest-Telemark. Det er avgjerande å utvikle teknologi og infrastruktur for å få ein grønare transportsektor. Vest-Telemark ligg strategisk til mellom Oslo/Kongsberg og Bergen/Haugesund/Stavanger. I regionen er det mange spennande prosjekt på gong, og desse var invitert til Vest-Telemarkrådet for å presentere seg. Dagleg leiar Kenneth Lindquist i Telemark Bilruter snakka om satsinga i Nordbygdi i Seljord. Bilrutene byggjer nytt hovudkvarter, og det er planar om både biogass og ladestasjon for elektriske tunge køyretøy på tomta.

Fagleiar Tarjei Gjelstad i Kviteseid kommune presenterte status for HUB Brunkeberg. På næringsområdet er det planar om å leggje til rette for biogass i samarbeid med Gasnor.

Plan- og miljørådgjevar Anne Sofie Bergene Strømme i Vinje kommune og prosjektleiar Arne Helge Hauglid presenterte planane om hydrogenfyllestasjon langs E134. Hydrogen vil på sikt bli ei sentral energibærar, og EU har peikt på grøn hydrogen som avgjerande for å nå klimamåla. Det er viktig å få på plass fylleinfrastruktur i Vest-Telemark.

Vestfold og Telemark fylkeskommune arbeider no med ny fylkesvegstrategi og eit handlingsprogram for kva prosjekt som skal prioriterast dei komande åra. Hovudutvalsleiar for samferdsel Arve Høiberg orienterte om status for arbeidet. Det kom tydelege innspel frå rådet at den auka satsinga må halde fram. Vest-Telemarkrådet arbeider med å samordne innspel til handlingsprogrammet, som har frist 1. april.

Stortingsrepresentant Mahmoud Farahmand (H) gjesta møtet og fekk helse forsamlinga. Han trakk fram øvre Telemark si viktige rolle for resten av fylket når det gjeld naturressursar og utbygging av industri. Har var inspirert av orienteringane om samferdsel og miljø og meinte Vest-Telemark er eit knutepunkt i det grøne skiftet.

Neste rådsmøte er 22. mars i Vinje. Vest-Telemarktinget skal ha møte 19. – 20. april i Seljord.

Back To Top