skip to Main Content
Regiondirektør Øystein Djupedal I Husbanken

Vest-Telemarkrådet hadde møte i Oslo 24. mai. Det var eit innhaldsrikt møte med orienteringar frå både Husbanken og NAV, og det faste møtet med telemarksbenken på Stortinget.

Husbanken er oppteken av tett dialog med kommunane. Dei sit på viktige verkemiddel innan bustadsosialt arbeid, både når det gjeld bustøtte, startlån, leigebustader til flyktningar og tilskot til omsorgsbustader. Frå region sør stilte direktør Øystein Djupedal saman med tre rådgjevarar som orienterte om dei ulike ordningane og svare på spørsmål. Djupedal var oppteken av at Husbanken skal vere ein medspelar for kommunane, og oppmoda kommunane til å vere aktive for å nytte dei ordningane som finst.

Det har vore stort engasjement rundt hjelpemiddelsentralen og planane om å samlokalisere avdelingane i Telemark og Vestfold i eit nytt bygg mellom Larvik og Sandefjord. Vest-Telemarkrådet har mellom anna sendt ei uttale der ein går inn for at det blir oppretta ei eiga avdeling i øvre Telemark. Avdelingsdirektør Malin Ljunberg Skåtun frå NAV orienterte om korleis arbeidet er organisert og om samhandlinga med kommunane. I diskusjonen kom det tydeleg fram at kommunane er misfornøgde med prosessen rundt samlokaliseringa.

Vest-Telemarkrådet må omorganisere seg innan valet neste haust for å oppfylle krava i ny kommunelov. Prosessen vil gå utover hausten, og rådet vil få utkast til ny samarbeidsavtale til drøfting i neste møte. Vest-Telemarkkonferansen går endeleg av stabelen 1. februar 2023, og rådet drøfta innspel til programmet. Rådet gjekk i tillegg inn for å løyve 50 000,- til ein regional ungdomskonsert i Nissedal 17. juni.

I møtet med stortingsbenken vart mange viktige saker for Vest-Telemark teke opp. Vest-Telemarkrådet er utålmodige når det gjeld passtenester og betre politidekning i regionen. Det var dialog kring kommuneøkonomi og utfordringar for kommunane. Kommunane har rigga seg for å ta imot flyktningar, og det er krevjande når flyktningane ikkje blir busett raskt nok i kommunane. Det er stor uro kring finansieringa av barnevernsreforma, der kommunane får auka kostnadar.

Regjeringa har varsla at det kjem ei melding om distriktsmelding i løpet av året og ei stortingsmelding om bustadpolitikken i løpet av 2023.

Back To Top